Regjeringa styrkjer kommunesektoren sine frie inntekter med 6,8 milliardar kroner i 2025.

07.10.2024

Ser ein bort frå meirkostnadane til demografi og pensjon, får kommunesektoren eit handlingsrom på 3,6 milliardar kroner, noko som er 1,1 milliard kroner høgare enn det regjeringa la til grunn i kommuneproposisjonen.

Veksten på 6,8 milliardar kroner vert fordelt med 5,15 milliardar kroner til kommunane og 1,65 milliardar kroner til fylkeskommunane.

Innanfor veksten til kommunane er 250 millioner kroner grunngjeve med bemanning i barnehagar, 150 millioner er grunngjeve med opptrappingsplan for psykisk helse medan om lag 1,7 milliardar kroner er knytt til omlegginga av inntektssystemet for kommunane.

Innafor veksten til fylkeskommunane er 300 millionar kroner grunngjeve med opprustning og fornying av fylkesvegnettet.

Anslaget for meirkostnader til pensjon inneheld ikkje effekten av ny offentleg AFP som blir innført frå 1. januar 2025. Departementet har i rundskriv om berekningsføresetnader for pensjonskostnadene for rekneskapsåret 2025 av 10. september 2024 fastsett at ny offentleg AFP inntil vidare ikkje skal inkluderast i kommunesektoren sine pensjonskostnader for 2025.

Regjeringa vil i revidert nasjonalbudsjett for 2025 kome tilbake med oppdatert anslag for meirkostnadene til pensjon inkludert effekten av ny offentleg AFP, og sikre at kommunesektoren kan innarbeide ny offentleg AFP i sine pensjonskostnader i 2025.

Fylkesoversikt

Kilde: regjeringen.no