Politikaropplæring for kontrollutval i kommunar i Vestland
Sekretariatet for kontrollutvalet i Vestland fylkeskommune har gjennomført opplæring for kontrollutval i fleire kommunar i Vestland
Det vart gjennomført opplæring av medlemmar i kontrollutvala i deler av Vestland fylkeskommune på Solstrand hotell 18. – 19. februar i år. Det var om lag 90 engasjerte deltakarar, som desse dagane fekk informasjon om ordførar sine forventningar til kontrollutvalet og kva kontrollutvalet sitt arbeid betyr for rådmannen. Lovgrunnlag, roller og ansvar i kontrollarbeidet stod også på agendaen. Vidare fekk deltakarane innspel om korleis ein kan skape interessante og engasjerande møte og kva utvalet kan forvente av sekretariatet. Det vart også orientert om kontrollutvalet sitt ansvar i samband med rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon og eigarskapskontroll. Samlinga vart avslutta med gruppearbeid og tips frå ein erfaren kontrollutvalsleiar.