NIM – kurs om menneskerettigheiter og kommuner
NIM – Norges institusjon for menneskerettigheter med menneskerettighetskurs for tilsette og folkevalgte i kommuner.
27.11 2023
Formålet med kurset er å hjelpe kommunane med å jobbe meir systematisk med menneskerettigheiter. Kurset, som er tilgjengelig på KS Læring og NIM sine nettsider, har fire målgrupper:
- Folkevalgte i kommunane
- Kommunale leiarar
- Kommunalt tilsette
- Personer som driver kontrollarbeid i kommunane
Kurset gir grunnopplæring i kva menneskerettigheitene er, kvifor dei er viktige for kommunane, og råd om korleis ein som tilsett eller folkevalgt kan sikre menneskerettigheitene lokalt. Kurset består også av to caseoppgåver som eksemplifiserer tematikken – ein om ytringsfridom for kommunalt tilsette og ein om tvungen helsehjelp på sjukeheim. I tillegg viser NIM til ei rekke praktiske eksempler innanfor ulike områder. Dette er først og fremst meir som eit grunnkurs. NIM kjem til å jobbe vidare med kommuners menneskerettigheitsansvar i tida framover, og då vil det vere aktuelt å gå inn i ulike temaområder.
Her er meir informasjon om kurset: https://www.nhri.no/2023/nim-lanserer-krafttak-for-menneskerettigheter-i-kommunene/
I tillegg til kurset har NIM laga ein ny ressursside om kommuner og menneskerettigheiter med relevante rapportar, veiledere, og andre ressurser: https://www.nhri.no/temaer/kommuner/.