Rådgjevar, sekretariat for kontrollutvalet Bergen kommune
Sekretariat for kontrollutvalet Bergen kommune søker etter ein engasjert og dyktig rådgjevar, til vikariat for medarbeidar som er i permisjon til ca. 15. august 2025.
02.07.2024
Arbeidsoppgåver
- Bestilling og oppfølgjing av revisjonsoppdrag i kommunen i samarbeid med eksterne leverandørar
- Skrive saksframlegg til kontrollutvalet og bystyret
- Planlegge og legge til rette for møte i kontrollutvalet. Noko ettermiddags- og kveldsarbeid ved gjennomføring av møte
- Kommunikasjon med byrådsavdelingane og bystyrets kontor i samband med kontroll- og revisjonsarbeid
- Halde kontrollutvalet oppdatert innan relevante fagfelt og syte for nødvendig opplæring
- Medverke til at utvalet får relevante saker til behandling
- Behandle innsynskrav og svare dei som tek kontakt
- Andre oppgåver innan sekretariatet sine ansvarsområde
Kvalifikasjonar
- Vi krev fullført utdanning på minimum bachelornivå, helst innan rettsvitskap, revisjon eller samfunnsvitskap
- Vi krev erfaring frå arbeid med offentleg forvaltning, helst frå relevante fagfelt
- Kunnskap om kommunens ansvar og oppgåver og kommunale politiske prosessar
- Kjennskap til revisjon eller tilsyn er ein fordel, men ikkje eit krav
- God kompetanse i bruk av digitale verktøy
Søknadsfristen er 12. august
Kilde: finn.no