Ny dagleg leiar i Vest kontroll
Ane Malene Søvik Nygård er tilsett som dagleg leiar i Vest kontroll kommunalt oppgåvefellesskap.
Vest Kontroll er eit kommunalt oppgåvefellesskap mellom 7 kommunar på søre sunnmøre og 2 kommunar i Vestland, som er sekretariat og førebur alle saker for kontrollutvala i dei 9 kommunane.
Ane Malene Søvik Nygård Ho kjem frå stillinga som kommunalsjef samfunnsutvikling i Herøy kommune. Søvik Nygård tek over som dagleg leiar etter Jostein Støylen, som har leia selskapet sidan det vart oppretta i 2005, men no skal gå av med pensjon ut på nyåret.