Høgre forlanger full gjennomgang
Høgre ber kontrollutvalet i Sogndal ta ein grundig gjennomgang av det dei karakteriserer som ein lite informativ, uoversiktleg og rotete prosess om Sogn barnevern.
I eit brev til kontrollutvalet viser Sogndal Høgre til ulike tilsyn både frå Fylkesmann og Statens Arbeidstilsyn i Sogn barnevern, og handtering av denne saka med informasjon til kommunepolitikarane.
«Gruppeleiar i Sogndal Høgre har i fleire møte, både i kommunestyre, formannskap og administrasjonsutval, stilt fleire spørsmål om status og handtering av saker som gjeld Sogn barnevern. Det er fordi både gruppeleiar og Sogndal Høgre er opptekne av at born og unge får hjelp når dei treng det som mest, at Sogndal kommune skjøttar arbeidsgjevaransvaret på ein god måte, og leverer gode tenester til brukarane», heiter det i brevet.
Men ifølgje gruppeleiaren har det i stor grad vore vanskeleg å få svar på spørsmåla som har vore stilte, og i brevet blir det vist til at det er kjent for politikarane at det har vore problem med samarbeidet og å gje gode nok tenester til born og familiar som treng det gjennom mange år.
Ifølgje brevet står prosessen fram som lite informativ, uoversiktleg, og den kan verka rotete. For å koma til botn i dette stiller Høgre tretten konkrete spørsmål, som dei ber kontrollutvalet prøva finna svar på. Under kvart spørsmål er det fleire underspørsmål, så det er ein svært grundig prosess Høgre legg opp til.
Les heile saka i Sogn Avis »