Fagsamling for dei fylkeskommunale kontrollutvala på Vestlandet
Dei fire fylkeskommunale kontrollutvala på Vestlandet gjennomførde si årlege samling på Sola Strand hotel denne veka
11.1.2019
Tema for samlinga var samordning av tilsyn, innkjøp og forretningsdrift i vidaregåande kule, arbeidslivskriminalitet, korrupsjon og misligheter, arbeidsforma til kontrollutvalet og behandling og oppfølging av forvaltningsrevisjonsrapportar.
Konttrollutvala deler sine erfaringar ved å legge fram eigne case, i tillegg til at dei denne gang hadde innlegg av Erling Grimstad om arbeidslivskriminalitet, korrupsjon og misligheter og innlegg frå Maren Skåden frå Fylkesmannen i Rogaland om samordning av tilsyn.
Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal ynskte deltakarane velkomne til Rogaland.
Deltakarar var kontrollutvala og kontrollutvalssekretariata frå Møre og Romsdal fylkeskommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Hordaland fylkeskommune og Rogaland fylkeskommune.