Kommunal- og distriktsdepartementet sender  på høyring forslag til endringar i lov om interkommunale selskaper (IKS-loven).

Publisert 27. 5 2022

Kommunal- og distriktsdepartementet sender på høyring forslag til endringar i lov 29. januar 1999 nr. 6 om interkommunale selskaper (IKS-loven) og ei ny forskrift om økonomiplan, årsbudsjett, årsrekneskap og årsmelding for interkommunale selskaper (budsjett- og regnskapsforskriften for IKS).

Departementet foreslår auka møteoffentlegheit og innsyn i IKS som er omfatta av offentleglova, mellom anna ved at representantskaps- og styremøte skal følgje dei same reglane om opne og lukka møte som kommunale organ, kommunale føretak og interkommunale samarbeid etter kommuneloven.

Vidare fremjar departementet forslag om å redusere rolla staten har i organiseringa av selskapa. Det blir mellom anna foreslege å fjerne kravet om at departementet skal
godkjenne oppløysinga av eit IKS. Høyringsnotatet inneheld vidare forslag om at det skal bli mogleg for kommunestyret i parlamentarisk styrte kommunar å delegere til kommunerådet oppgåva med å velje representantskapsmedlemmer. Departementet fremjar òg forslag om krav om tal på styremedlemmer, om godtgjering og at avtaleval skal kunne nyttast når kommunestyret vel medlemmer til representantskapet.

Høyringsnotatet inneheld òg forslag til fleire justeringar i økonomiføresegnene, i hovudsak for å harmonisere desse med økonomiføresegnene i ny kommunelov.

Departementet foreslår ny forskrift om økonomiplan, årsbudsjett, årsregnskap og årsmelding for interkommunale selskaper som skal erstatte forskrift 17. desember 1999 nr.
1568 om årsbudsjett, årsregnskap og årsberetning for interkommunale selskaper. Forslaget til ny forskrift skal gje ei forskrift som er tilpassa føresegnene i IKS-loven slik det er
foreslege at dei blir endra i dette høyringsnotatet. Forskrifta skal gje enkelte utfyllande føresegner om innhaldet i økonomiplanen, årsbudsjettet, årsrekneskapen og årsmeldinga
til interkommunale selskap.

Ved utforminga av dette høyringsnotatet har departementet både teke omsyn til ønsket om å behalde IKS-loven for å ha ei eiga selskapsform for kommunar og fylkeskommunar, og
til den dokumenterte utviklinga i organisering av kommunal og fylkeskommunal verksemd i IKS, som viser at dei fleste IKS i dag driv i hovudsak med typiske lovpålagde
kommunale og fylkeskommunale oppgåver. Departementet legg til grunn at det er karakteren til oppgåvene som skal vere førande for kva offentlegrettslege reglar som
gjeld.

Høyringsfristen er 23. september 2022.

Høyringa er lagd ut på www.regjeringen.no/id2914452

 

Kilde: Kommunal- og distriktsdepartementet