Kontrollerer innkjøpa i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Kontrollutvalet har bestilt ein forvaltningsrevisjon for å vurdere om innkjøpa er i samsvar med lov om offentlege anskaffingar.
Målet med denne revisjonen er å sikre at Sogn og Fjordane fylkeskommune har eit system som sikrar at innkjøpa vert gjort i tråd med regelverket om offentlege anskaffingar, og at fylkeskommunen etterlever regelverket i oppfølginga av leverandørar. Deloitte er forvaltningsrevisoren til fylkeskommunen og skal gjennomføre forvaltningsrevisjonen.
– Dette er eit prosjekt som vil vere med å sikre fylkeskommunen eit godt renommé, og som vil bidra til å gjere fylkeskommunen betre og meir truverdig for innbyggjarane i fylket. Offentlege innkjøp er utfordrande, og det er viktig for alle at fylkeskommunen viser at dette er eit område ein har god kompetanse på, og at denne kompetansen vert nytta til å gjennomføre gode og trygge innkjøp i samsvar med lovverket, seier leiaren i kontrollutvalet Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Forvaltningsrevisjonen skal kontrollere heile innkjøpssystemet i fylkeskommunen, men kontrollutvalet har bedt om at revisor spesielt skal kontrollere tiltak mot sosial dumping i innkjøpa.
Les heile saka i Porten.no »