Barnevernet sine rutinar og utgifter må undersøkjast nærare, ber kontrollutvalet i Radøy om.

Det vert opp til kommunestyret å avgjera om kontrollutvalet sitt ønskje skal imøtekomast. Tilrådinga frå kontrollutvalet er å få undersøkt det lokale barnevernet sine rutinar.

Dei rutinane ein vil ha kartlagt, går på ei rekkje punkt:

  • Vedtak om omsorgsovertaking og eventuelt tilbakeføring, internkontroll i dei to siste periodane, oppfølging av born i fosterheim, rutinar i saker der fleire kommunar er involverte.

Ordførar Jon Askeland støttar at kommunen tek ein gjennomgang av kommunen si barnevernsteneste. 

– Eg synest det er heilt greitt at det vert føreteke ein forvaltningsrevisjon på denne tenesta. Barnevernet vil alltid vera krevjande, men eg opplever at dagens teneste fungerer godt. Eg kjenner til at det er reist spørsmål kring sak med dom i Fylkesnemnda tilbake i tid. Politikarar har ikkje høve til å gå inn i einskildsaker, men det er alltid interessant for oss å få sjekka av at system og rutinar fungerer som dei skal. Ein forvaltningsrevisjon gjev svaret på dette, uttaler Askeland.

Les hele saken i Strilen